
Grunnskulelærar ved Måndalen skule
Undervisningsstilling, 100% vikariat
Stillingen
Grunnskulelærar i 100% vikariat skuleåret 25-26. Inntil to stillingar, med moglegheit for ei fast stilling. Pr. tiden Måndalen skule.
Arbeidsplassen
Måndalen skule er ein heilt ny skule med moderne fasilitetar for både læring, leik og utvikling. Måndalen skule er plassert i naturskjønne omgjevnadar der fjord og fjell legg til rette for flotte mogelegheiter i både skulekvardagen og på fritida. Skulen har 96 elevar fordelt på 1.- 10. trinn, og eit samla personale på 18 tilsette. Du kan lese meir om skulen vår her: Måndalen skule - Rauma kommune
Arbeidsoppgåver:
- Undervisning hovudsakleg på 5.-10.trinn (avhengig av kompetanse/erfaring).
- Kontaktlæraransvar kan bli tillagt stillinga.
Krav til kvalifikasjonar:
- Utdanning som grunnskulelærar, fortrinnsvis 5-10. trinn.
- God digital kompetanse.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Det er ønskje om:
- Ulike fag er relevant, men det er ønskjeleg med engelsk (60 stp), naturfag, matematikk (60 stp.), naturfag og spesialpedagikk i fagkretsen.
- Relevant erfaring er ønskjeleg, også frå spesialpedagisk arbeid. Menn oppfordrast til å søkje.
Personlege eigenskapar:
- Du har evne til å planleggje, arbeide strukturert og sjølvstendig.
- Du evner å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer.
- Du jobbar godt i team, og er lojal til felles avgjerder.
- Du har stor arbeidskapasitet, evne til å fokusere, og arbeider for eit godt læringsmiljø med fagleg utbytte for alle.
- Du har erfaring med bruk av digitale verktøy i undervisninga, og tek i bruk skulens digitale moglegheiter og løysingar for å fremje elevane si læring.
- Du tenkjer positivt, har godt humør og likar å jobbe med menneske i alle aldrar.
- Du bidreg og stimulerer til utvikling av organisasjonen i sin heilskap.
- Du er tydeleg og omgjengeleg i din kommunikasjon, både internt på skolen og eksternt ovanfor våre samarbeidspartnarar.
Tilsetting
Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter sentral Hovudtariffavtale ut frå kvalifikasjonar og ansiennitet.
Politiattest
Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jfr. Opplæringslova § 10-9 og forskrift § 15.
Søknad
Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing: Søkerveiledning - Rauma kommune eller personal@rauma.kommune.no.
Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer/oppdaterer CV`en med utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.
Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje, jf.Offentleglova.
Del på:
Referansenummer:
25/821
Fylke:
- Møre og Romsdal
Søknadsfrist:
27.04.2025
Tiltreding:
1.august 2025
Arbeidsstad:
Måndalen
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.rauma.kommune.no/tjenester/skole/Adresse:
Voll 6386 Måndalen