Leiar søkes til splitter ny skule i fjelleldoradoet Rauma!
Rektor ved Måndalen skule
Stilling
Måndalen skule er ny, moderne og omgitt av fjord og fjell – og no treng vi ein engasjert rektor i 100 % fast stilling!
Om jobben:
Du får leie ein skule med ca. 100 elevar og 18 tilsette, og blir ein viktig del av utviklinga av Raumaskulen. Her får du varierte dagar, mykje ansvar og gode folk rundt deg. Du kan lese meir om skulen vår her: Måndalen skule - Rauma kommune
Vi ser etter deg som:
- Har relevant utdanning og gjerne leiarerfaring
- Er god på folk, struktur og utvikling
- Er inkluderande, engasjert og klar for å tenkje nytt
- Har god relasjonskompetanse og er flink til å utvilke denne i organisasjonen
Vi tilbyr:
- Støtte frå dyktige kollegaer og leiarar
- Moglegheit for leiarutdanning
- Ein arbeidsplass midt i naturen – med turmuligheiter året rundt
Klar for å bli med på laget? Vi gler oss til å høyre frå deg!
Søknad
Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing: Søkerveiledning - Rauma kommune eller personal@rauma.kommune.no.
Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer/oppdaterer CV`en med utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.
Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje, jf.Offentleglova.
Tilsetting
Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter sentral Hovudtariffavtale ut frå kvalifikasjonar og ansiennitet.
Politiattest
Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jfr. Opplæringslova § 10-9 og forskrift § 15.
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseselgarar.
Del på:
Referansenummer:
25/2172
Fylke:
- Møre og Romsdal
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
05.01.2026
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Måndalen
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://web.www.rauma.no/Adresse:
Vollan 8a 6300 Åndalsnes