Barne- og ungdomsarbeider/assistent ved Måndalen skule
Vi søkjer ein engasjert og dyktig medarbeidar per tiden ved Måndalen skule. Du vil bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø for elevar, og samarbeide tett med lærarar og øvrig personale.
Stilling
Fast stilling, som barne- og ungdomsarbeider/assistent, i ca. 70% stilling. Moglegheit for 100% stilling samla i kommunen.
Arbeidsoppgåver
Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag gjennom mellom anna:
- Utføre faste oppgåver knytt til enkeltelevar og grupper i samarbeid med dei øvrige tilsette.
- Vere medansvarleg for gjennomføring av aktivitetar i skole, og kunne ta sjølvstendig ansvar for aktivitetane.
- Delta i samarbeidsmøter på trinn og i personalmøter.
- Å vere ein barnerettleiar som hjelper til med å utvikle barn og unges sosiale kompetanse.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev Barne- og ungdomsarbeider
- Erfaring frå arbeid med barn og unge, gjerne i skule eller SFO.
Søkjarar med anna relevant utdanning og/eller erfaring kan bli vurderte for stillinga.
Personlege eigenskapar
- Du evner å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
- Du jobbar godt i team, og er lojal til felles avgjerder
- Du tenker positivt, har godt humør og likar å jobbe med menneske i alle aldrar
- Du er fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Engasjerte kollegaer med god kompetanse
- Framoverlente skoleleiarar som inspirerer og leier sitt personale i utviklinga av Raumaskolen
- Eit godt arbeidsmiljø basert på medverknad, engasjement, profesjonalitet og ansvarlegheit
- Rauma kommune ønskjer heiltidskultur, dvs at dei tilsette har 100% stilling med 100% lønn. Om du har kompetanse og ønskjer det vil kommunen prøve å leggje til rette for ei 100% stilling i kommunen, slik at du og kan arbeide i elevfrie periodar.
Bor du i Rauma kommune og er i jobb, kan du få sletta 25 000 av studielånet ditt kvart år. Les mer om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Søknad
Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing:Les Søkerveiledning - Rauma kommune eller epost til personal@rauma.kommune.no dersom du opplever tekniske utfordringar.
Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.
Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.
Tilsetting
Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter sentral Hovudtariffavtale ut frå kvalifikasjonar og ansiennitet.
Politiattest
Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jfr. Opplæringslova § 10-9 og forskrift § 15.
Del på:
Referansenummer:
26/850
Fylke:
- Møre og Romsdal
Jobbtype:
Fast
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
08.03.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Måndalen
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://https://web.www.rauma.no/Adresse:
Voll 6386 Måndalen